Andreas Bjørkum:
Johannes Heggland, om diktaren og bøkene hans, og om målbruken.
Børkjo forlag 2012.
Johannes Heggland vart fødd i Tysnes i 1919, og han overtok
farsgarden i vaksen alder. Alt i ung alder måtte og ville han
skriva, og fyrste boki hans, ”Folk under fjell” kom ut i 1941.
Ho vart svært vel motteki, og seinare vart det ein lang og rik
forfattarskap.
Heggland var bonde, kommunepolitikar, i to bolkar
ordførar, og skreiv fleire lokalhistoriske verk, og han sat i
nemnder og råd på landsbasis, men bøkene kom lell i ein
jamn straum, so han må ha vore ei umåteleg arbeidskraft.
Denne boki om diktaren, bøkene hans og målbruken
gjev ei brei innføring i forfattarskapen or bokmeldingar og
litterære kjelder. Målbruken får ein lang omtale, både med
dei mange innslagi or målføret i Sunnhordland og vanleg
nynorsk målbruk. Ordlister or kvar underbolk er sette opp
attåt.
Heggland har fått mykje ros og vellæte for målbruken
sin, og dei som vil læra det støe, formsikre målet hans
betre å kjenna, får i denne boki tilgjenge til den einaste
større utgreiingi om emnet til no.

Andreas Bjørkum:
Sjur Bygd, om bøkene hans og bruken av vossamålet
Børkjo forlag 2012, ISBN 978-22-998336-0-8
Sjur Bygd, diktaren og bonden, bankmannen og ordføraren på Vossestrondi, får her ein meir samla biografisk omtale. Han dreiv farsgarden, arbeidde i sparebanken og var ordførar ei tid, og so skreiv han bøker innimellom. Dei fire fyrste bøkene hans kom ut frå 1915 til 1925, men so vart det ein lang stogg til den neste boki kom ut i 1949. Den siste boki kom i 1970, då var han over åtti år.
Bøkene hans får ei so utførleg omdøming som råd er etter bokmeldingar og litterære artiklar, og or dei tre uprenta hovudoppgåvene til embetseksamen i norsk/nordisk ved universiteti våre. Ei lengre magisteravhandling ved Universitetet i Bergen er heller ikkje prenta. Attåt er det laga ein film på Voss om Sjur Bygd med fleire gode litterære innslag.
I denne boki er målbruken hans grundig utgreidd, serleg den svært fylgjestrenge bruken av vossamålet i alle dei fire fyrste bøkene. Ei breitt opplagd jamføring mellom målbruken i fyrsteutgåvene og dei nyare utgåvene får stort rom, aller mest om ”Valplassen” (1971-utgåva). Boki er den største utgreiingi til no om Sjur Bygd og bøkene hans, og ho gjev både gamle og nye lesarar eit godt innsyn i diktingi hans.

Andreas Bjørkum:
Målformene i bøkene, artiklane og reisebrevi åt
Tarjei Vesaas
Børkjo forlag 2010, ISBN 978-82-998336-0-8
Denne boki gjev eit oversyn over framvoksteren i målbruken åt ein av dei største diktarane våre, Tarjei Vesaas. I dei fyrste bøkene åt Vesaas er målbruken mykje merkt av midlandsmålet (1899) som jærbuen Arne Garborg og nordfjordingen Rasmus Flo sette opp og fekk godkjent som sideform (1901). Det bygde på målføri midt i landet, mest etter fjellbygdmåli aust om Langfjelli og søretter gjennom Agder til Dalane i Rogaland.
Utgreiingi tek for seg målbruken i dei eldste bøkene frå 1923-1938, både med omsyn til lydverk og formverk og sermerke i syntaksen (setningslæra).
Reisebrev og artiklar er og tekne med. Målbruken til Vesaas vart mykje omlagd til nyare former etter 1938-rettskrivingi, og difor har dei nye utgåvene av fem tidlegare utgjevne bøker fått ein brei omtale. Bøkene frå 1940-1970 følgjer òg den nye rettskrivingi, og desse bøkene får ein grundig omtale.